Prisar og opningstider
Prisar
Billettar kan kjøpast i museets resepsjon i ordinær opningstid eller eller her på nettsida.
Vaksne: 160,-
Born: 80,-
Familie (2 vaksne, born u/16 år): 350,-
Student: 80,-
Grupper (10+ pers.): 120,-
Livsvarig medlemskap: 1000,-
Skuleklassar:
Grunnskule: 40,-
Vidaregåande skule: 55,-
Naturguiding: 980,- (2 timar med eigen guide for 1 til 5 personar. Book her!
Opningstider
Vi er ope dagleg 1. april - 31. oktober.
April, mai, september og oktober:
Kvar dag kl. 10.00 - 16.00
Juni - august:
Kvar dag kl. 09.00 - 19.00
November og mars:
På førespurnad
For turoperatørar
Vår spektakulære film om Jostedalsbreen, den spanande utstillinga om jordas klimahistorie og mammutar på plenen er noko av det dei besøkande kan oppleve hjå oss.
Kontakt oss om prisar og meir informasjon.
Kollektivt
Norsk Bremuseum ligg i Fjærland - området som omsluttar Fjærlandsfjorden, ein arm av Sognefjorden. Ved å reise kollektivt kan ein mellom anna koma til Fjærland frå Oslo og Bergen med buss via riksveg 5 og det er kort avstand til Skei eller Sogndal. Busstopp ligg like ved museet.
Reisetider til Fjærland frå:
Skei: under ½t (bil - 28 km)
Sogndal: drøy ½t (bil - 34 km)
Bergen: 4-5t (bil eller buss)
Oslo: 6-8t (buss/bil via Lærdal)
For reisande med elbil er det høve til å nytte hurtiglading på parkeringsplassen. Denne vert drifta av Mer.
Reise hit
Passasjerferge på Fjærlandsfjorden
Fjord- og brecruiseruta på Fjærlandsfjorden går mellom Fjærland og Balestrand i juni, juli, august og september (15.sept).
Dette er ein passasjerbåt med korrespondanse til Sogndal/Flåm og Bergen.
Brebussen
Brebussen har ein avgang kvar dag i perioden 01.06-15.09. Bussen korresponderar med turistbåten som kjem frå Balestrand.
Den går til Bøyabreen og stoggar ved Norsk Bremuseum på vegen.
I høgsesong er det engelsktalande guide ombord i bussen.