Elsykkel i Fjærland

Utleige av elsykkel

I Fjærland kan du sykle frå fjord til bre på superkule elsyklar frå Buddy Bikes. Personale ved pick-up points vil gje deg nokre enkle instruksar. Utover det, er det veldig enkelt å trakke seg av garde på elsykkeltur i eit fantastisk fjord- og brelandskap.

  • BOOK ONLINE ved å trykke på “Kjøp billettar”

  • Pris: 590,- per sykkel per dag

  • Varigheit:

    • 10.00 - 15.30 i april, mai, september og oktober

    • 10.00 - 18.00 i juni, juli og august

  • Inkludert: Elsykkel, hjelm, mobilveske og sykkellås

  • Hugs sko og bekleding som passar til sykling

  • PICK UP POINTS - henting og levering:

    • Resepsjonen til Norsk Bremuseum

    • Resepsjonen til Fjærland Fjordstove Hotel

Informasjon om elsyklane:

Modell Buddy Bike X1

Buddy X1 er en norskutviklet premiumelsykkel designet av Eker Design. X1 rammen er verdens første sprøytestøpte karbonkomposittramme med motoradapter som muliggjør bruk av flere drivsystemer. Den er laget av gjenvunnet karbonkompositt og kan resirkuleres. En innført panteordning på kr. 1.500,- sikrer resirkulering av rammen.

Buddy X1 har en råsterk motor fra tyske Sachs (112 Nm) og et 48V batteri fra BMZ (650Wh). Beltedrift og lukket girsystem reduserer behovet for vedlikehold. Den egner seg derfor godt til helårssykling.


Anbefalte ruter

I Fjærland er vegane for det meste ganske flate, men det er litt stigning inn i nokre sidedalar. Med gode elsyklar frå Buddy Bikes er det null problem å koma seg lett fram.

Frå pick-up points på Norsk Bremuseum eller Fjærland Fjordstove Hotell, er det fint å sykle (sjå kart nedanfor):

  1. Sørvestover langs fjorden heilt til Jordal.

  2. Nordaustover til Supphellebreen (via Skeide eller Våteviki). For å koma til Supphellebreen, kryss Riksveg 5 like ved Norsk Bremuseum og sykle gjennom Våteviki, eller kryss Riksveg 5 ved Skeide over brua mot Supphelledalen.

  3. Elles er det også fint å sykle opp i sidedalane Mundalsdalen frå Mundal eller Horpedalen frå Våteviki.


VIKTIG: UNNGÅ Riksveg 5 nordover i Bøyadalen! Denne vegen er sterkt trafikkert med 80-sone der bilar og større køyretøy kjem i stor fart.

Bruk gjerne Google Maps eller ein annan kartløysing du foretrekker for å plotte inn din destinasjon.

God elsykkeltur! :)

Elsykkel i Fjærland


Neste
Neste

Opplev Fjærland